At brua over Frøylandsvatnet vart ein realitet skuldast i stor grad Brynes vel som både tok initiativ til byggjinga av brua og som aldri har gitt opp prosjektet, sjølv om realiseringa tok over 10 år.
- Vinnaren av årets pris har vore kreativ, samlande og engasjerande. Ikkje minst har prisvinnaren også vist stor grad av stayerevne, sa ordføraren før han delte ut prisen til Brynes vel ved Olav Hetland.
Byutviklingsprisen er ein pris som vert delt ut av Time kommune som ei påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne.