Til behandling foreligger følgjande saker:
1.Godkjenning av innkalling
2.Valg av referent
3.Fastsetting av dagsorden
4.Gjennomgang årsmelding for 2015
5.Forslag om at tar avgjerd om æresmedlemskap
6.Forslag om å øke kontingent til kr. 300
7.Regnskap
8.Eventuelt
9.Val
Kontingenten
Året 2015 har vore eit godt år for Brynes Vel. Vi har konsentrert oss om å følgja opp mange nye tiltak iverksatt i 2013, og har lukkast godt med dette. Medlemsmassen er sterkt aukande - frå 465 medlemmar i 2014 til 839 medlemmar i 2015. Aukinga skuldast hovedsakelig verveaksjon i samband med Midgardsormen og namn på brua. Laget har ein sunn økonomi. Kontingent har vore kr. 150 for medlem og kr. 200 for familiemedlemskap, samt kr. 1000 for bedriftsmedlemskap. Kontingent vert foreslått endra til kun individuelt medlemskap kr. 300 pr. år. I tillegg kan bedrifter støtta Brynes Vel sitt arbeid med annonsar på heimesidene.
Jærdagen/Jærnåttå
Brynes Vel er medeigar i Jærdagen/Jærnåttå med ein part på 50 %, saman med Brynebyen 50%. Brynes Vel sin leiar har hatt plass i styret. Kommunen er utan eigarinteresse, men er representert med ett styremedlem. Jærdagen / Jærnåttå har lange tradisjonar tilbake til 1913, og er det største kulturarrangementet på Bryne kvart år. Etter at vi flytta arrangementet til sentrum har festivalen fått eit breiare og meir mangfaldig kulturtilbod der mat og musikk har blitt sentrale tema. Jærdagen/Jærnåttå betaler etter omorganiseringa ikkje utbytte som tidligare, men har ein føresegn om utgiftsdekning til Brynes Vel og Brynebyen for utøving av forvaltninga. Resultatet i 2015 blei eit lite overskot. Det vil vera behov for ny bygging av sikringsfond etter at BU er utbetalt sin andel etter uttreden.
Sandtangen - Skoggruppa.
Petter Magnor opplyser at det også i år har vore store stormskadar i skogen. Stormen Nina i januar tok knekken på omlag 25 tre, dei fleste temmelig store. Til oppryddingsarbeidet hadde skoggruppa god hjelp av Kristian Skrudland med gravemaskin og flisekuttar. Elles har gruppa rydda godt opp på dei stadane der det skal vera utsikt ut over vatnet. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå publikum som set stor pris på dette. Kommunen ønskjer ein driftsavtale med Brynes Vel som begrenser opne område mot vatnet. Brynes Vel oppfattar at avtalen går lenger enn verneforskrifta fastsett, og vil foreløpig ikkje inngå slik avtale.
Dei gamle Timebenkane - 11 i talet - som er plasserte rundt i skogen har fått ei ansiktsløfting. Folk frå Time kommune har hjelpt til med transport og reingjering, og Frivillighetssentralen har sørga for maling og lakkering av benkane.
Hans Jensen restaurerte ein støypegodsbenk som Terje Haugland fann ved Bryneholmen, som hadde lege mange år under vatn. Takk for vel utført arbeid.
Rotary med 15 personar har vore på sin årlige dugnadskveld og har bl.a. rydda i Trimparken.
Skoggruppa har i år utført 407 dugnadstimar i skogen. Skoggruppa 2015 har vore Petter Magnor Time, Terje Haugland, Ingve Løge, Sigvald Frøiland og Sverre Ulland. Sistnemnde er nytt medlem av gruppa i år.
Aktiviteter i Sandtangen - tellar.
Det vart arrangert sykkelritt for barn i regi av Bryne Sykkelklubb med utgangspunkt i Sandtangen. Det vart også arrangert det årlege joggeløpet rundt Frøylandsvatnet.
Friidretten har også i år hatt arrangement. Brynes Vel konstaterer at bruken av Brynes mest sentrale friluftsområde er stor og aukande blant byens innbyggjarar. Både skular og barnehagar bruker skogen fast og jamt. Brynes Vel har etablert telleapparat - Eco Counter - ved brua inn til Sandtangen. Frå 8. april 2013 til i dag har det vore 940.745 passeringar, - opp frå 600.112 pr. 10.2.2014. Med det nye lyset langs heile vegen til Klepp og den komande Midgardsormenbrua, vert det spanande å sjå korleis dette påverkar bruken av området.
Geidahodnet
Brynes Vel eig Geidahodnet. Kommunen har det alminnelige vedlikehaldsansvaret. Parken er no meir open og lysare etter at parken er rehabilitert med plen mot METO i 2014. 12015 er det laga ny skråning mot den vidaregåande skulen. Parken er omfatta av ny områdeplan (reguleringsplan) som skal vedtakast i 2016.
Bru over Frøylandsvatnet - Midgardsormen
Brynes Velorganiserte innsamlingsaksjonen «Gå for brua» og fekk massiv respons frå folk i begge kommunane. Midgardsormen blei fullfinansiert med 16.8.mill i 2015. I skrivande stund synest det klart at brua vil bli opna 7.mai 2016. Vi ser fram til ein stor opningsfest for alle innbyggjarane i Klepp og Time. Brynes Vel er særs stolt og glade for at mange har støtta prosjektet!
Fyrverkeri
Uvettig bruk av fyrverkeri inneber fare for ulykker. Brynes Vel bestemte seg i 2013 for å visa kommunens innbyggjarar at eit sentralt fyrverkeri ville vera tryggare og mykje vakrare. Vi har deretter i 2014 og 2015 skote opp fyrverkeri på Livsgledesletta i Sandtangen i samarbeid med kommunen. Oppskytinga i år var ein suksess med godt ver på oppskytingstidspunktet, og vart sett av folk i stor omkrins. Det ser ut som at samarbeidet med kommunen kan førast vidare og at det vil verta innført fyrverkeriforbod i Bryne sentrum framover, men kommunen har ennå ikkje saksbehandla forskrifta.
Livsglededøgnet og opning av balanseløype i sandtangen.
Brynes Vel deltok, saman med kommunen, med arrangement i samband med Livsglededøgnet. I forbindelse med Livsgledefestivalen opna Brynes Vel den nye balanseløypa i Sandtangen lørdag 7.mars 2015. Arrangementet var saman med speidarane som laga aktiviteter og mat på sletta. Brynes Vel håper balanseløypa vil bidra til at skular, trimgrupper, barn og vaksne, bruker skogen og kroppen.
Bryne.no
Brynes Vel har saman med Brynebyen stifta foreininga «Bryne.no». Medlemmane BV /BB er representerte på årsmøtet i Bryne.no ved respektive styreleiarar. Brynes Vel har vidare 2 medlemmer i styret for Bryne. no, inkl. styreleiar. Som styreleiar i Bryne.no er valt Nils Gunnar Rage og styremedlem Ove Stangeland (begge også i styret for Brynes Vel). Formålet med Bryne.no er å skaffa gratis internettportal til alle som oppheld seg i sentrum, og presentera kva som skjer av kultur og handel på Bryne. Bryne.no har vore ei vellukka satsing som vi ventar oss mykje av framover.
Økonomi
Brynes Vel har god økonomi. Midgardsormenbrua har imidlertid tatt mye ressursar og investeringar som har hatt stor resultatvirkning dette år. Økonomien blir nærare opplyst på årsmøtet. Det blei i 2011 inngått ein avtale om driftstilskot for Brynes Vel, og oppgåvefordeling i Sandtangen og Geidahodnet fram til 2028. Brynes Vel tek imot, etter avtalen, årleg kr.110. 000 i driftstilskot fram til 2028. Ifølge brev frå kommunalsjef Meling datert 14.12.2011 tek Kommunen ansvaret i Sandtangen for lysløypa, avfallshandtering, større grusingsarbeid på stiane, og klypping av gras. Kommunen skulle etter planen utbedra brua inn til Sandtangen i 2015. Arbeidet er etter det opplyste utsett til 2018.
Trivselprisen
Brynes Vel trivselspris blei ikkje utdelt dette året.
Styret i Brynes Vel
Desse har i 2015 vore med i styret for Brynes Vel:
Olav Hetland - leiar
Jone Horpestad - økonomileiar
Sigvald R.Frøiland - sekretær
Ove Stangeland - styremedlem
Heidi N.Berge - styremedlem
Nils Gunnar Rage - styremedlem
Ivar Hognestad -varamedlem
Bjørg Risanger -varamedlem
Revisorar Valkomite
Arnstein Lothe og Ingve Digernes Toril Haugland Borghild Aase Anne Salte
Bryne 10. februar 2016
For styret i Brynes Vel
Olav Hetland